tirsdag 7. desember 2010

Augneblinkar som forsvinn

Nokre augneblinkar er så vakre at ein berre vil at dei skal vare i all æve
Heilt utan førebuing kjem dei berre
Litt som vinterens fyrste snøfall
Dei dalar ned frå himmelen som små lyspunkt på mørke kveldar
Det er desse augneblinkane eg hugser rett før draumeverda omslutter meg om kveldane
Det er desse augneblinkane som betyr noko...


Likevel forsvinn dei alltid...  snøen må alltid smelte for at det skal bli vår

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar