mandag 6. desember 2010

Augneblink av æve

Eg såg på han. Eg såg på dei uutgrundelege auga, som var så inderleg vakre. Han såg på meg og. Det var noko umiskjenneleg i blikket hans. Det var vonbrot.

Eg hadde allereie vore på butikken den dagen. Likevel gjekk eg nedover den smale skogstien, som slutta attmed parkeringsplassen til butikken. Det var ein nydeleg sommardag. Fuglane kvitra og blomane strakte seg nøgde i solsteika. På ein dag som denne kunne ein ikkje vera anna enn glad.

Medan eg gjekk nedover skogstien fann eg meg sjølv i å studera dei fredelege omgivnadene. Trea var langstrakte med høgtidelege kroner, men attmed skogbotnen hadde dei ingen blad. Skogbotnen var dekka av blad som hadde ditte ned. Solstrålane lyste ned gjennom trekronene og fekk skogen til å virka som eit alveparadis.

Då eg gjekk ut på parkeringsplassen starta hjartet mitt å pumpa hardare. Hardare og hardare for kvart skritt eg kom nærare butikken. “Kvifor gjer eg dette?” kviskra eg til meg sjølv.

Den kalde lufta frå air-condition-anlegget slo mot meg då eg opna døra til butikken. Han satt enno i kassa. Butikken var heilt tom for kundar. Dei fleste folka var vel på båttur, eller på stranda på denne fine dagen. Eg retta på kjolen min og gjekk direkte bort til kassa.

“Kathrine, er du her no igjen?” Han prøvde å lesa andletet mitt. Korkje hjerna mi eller munnen min fungerte slik dei skulle. “Eg gløymde å kjøpa røyk til mor mi tidlegare”. “Røyk? Du veit at du treng legitimasjon for å kjøpa det”. Faen, kva var det eg tenkte med? Armen? Kvifor sagde eg ikkje berre at eg gløymde å kjøpa mjølk eller noko slikt? “Eg tenkte det kanskje var greitt sidan det er til ho mor. Du veit jo at eg ikkje røyker”. Eg ville helst forsvinne ned i golvet. “Kathrine, du Kathrine. Kva skal eg gjera med deg?” No smilte han breitt til meg. “Alt du vil”, tenkte eg. Ut av munnen min kom det berre ein rar slurpelyd. “No har eg eit forslag; kva om eg kjøper ein is til deg, og så sett me oss attmed sjøen? Eg kan ta pause no”. Gleda flaug gjennom meg som vill fuglar. “det høyres greitt ut”, mumla eg, for glad til og opne munnen skikkeleg.

Vatnet glinsa som diamantar i sollyset. Det var så vakkert. Nesten like vakkert som guten ved sidan av meg. Berre nesten. Eg slikka i meg isen, og prøvde og sjå best mogleg ut. Men det var utan hell. Det heile resulterte i at det kom kvite isflekkar nedover den nye sommarkjolen min.

 Eg prøvde og tørka flekkane vekk, men det blei berre verre. “Sjå her” sagde han og tok fram eit lommetørkle. Han byrja og tørka vekk flekkane. Rørslene hans var så forsiktige. Akkurat som om eg var av glas og kunne knusa. Ei sitrande kjensle prikka i heila meg då han kom til flekkane på brystet.

Eg la hovudet mitt i fanget hans, og såg utover sjøen. Bølgjene skumma då dei trefte kanten på svaberga. “Svusj, svusj”, sa det. Handa hans glei sakte gjennom håret mitt. Eg sagde ingenting, han sagde ingenting. Me høyrde berre på bølgjene sog hjarteslaga våre. Så inderleg fredeleg.

Sola steikte og eg kjende sveitten trenga seg gjennom huda. Eg reiste meg plutseleg, og sa: “Eg kjenner for å ta eit bad!” Han såg forundra på meg, men han smilte. “Eg er med eg, men me har jo ikkje badekler”. ”Å nei, det gløymde eg…” svara eg stille. Han såg seg omkring. Me var heilt åleine. “Eller, treng me badekler?” spurde han, og hadde eit lurt glimt i auga.

Vatnet var isende kaldt mot den nakne korppen min, men eg skulle ikkje verka pysete, så eg beit saman tennene. Han sumde mot meg.. kroppen hans var heilt i pakt med naturen. Det var så fint å sjå den sommarbrune armen hans bryte vatnet. Han tok tak i meg, og haldt kring meg. Kroppane våre smelta saman. Han var den einaste varmekjelda i den kalde sjøen kring meg. Huda hans var silke som omfamna meg i ein augneblink av ævelengd. Pulsen hans var sommarfuglar som leikte med håret mitt. Det var kjensler eg ikkje greidde å kontrollera. Eg ville berre halde han i all æve.

Pusten hans gjekk raskare no. Porselensfingrane hans flytta hovudet mitt opp frå skuldra hans. No var me andlet mot andlet. Hjartet hans banka hardare mot brystet mitt. Den raske pusten hans kilte meg på kinnet. Me kom nærare og nærare. Leppene våre berørte kvarandre. Heilt forsiktig. Fyrverkeri sto kring oss. Eg kjende ei glede eg ikkje kunne kontrollera. Ei ufatteleg lykke.
Plutseleg byrja eg å le. Det var ein latter av glede. Den var all glede i heile verda!
Han slapp taket kring meg, og sumde ein meter vekk. “Nei, kva hende no?!” tenkte eg. Men eg klarte ikkje å seie noko.

Eg såg på han. Eg såg på dei uutgrundelege auga, som var så inderleg vakre. Han såg på meg og. Det var noko umiskjenneleg i blikket hans. Det var vonbrot.

Gleda hadde øydelagt augneblinken av ævelengd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar